18.05.2007 sier Ole: Læraren min på ungdomsskulen fortalde at om ein vert skrive til på nynorsk, ja, så skal ein svare på nynorsk. :D
Ikkje eit ondt ord om omtalen eller omtalaren, ein har da rett til å ha eige meiningar, og eg gir vanligvis plusspoeng for dei som tør å gå motstrøms. Eg las nemlig i fleire norske publikasjonar at filmen ikkje er mykje å rope hurra for, noko eg ikkje kan uttale meg om ettersom eg ikkje har sett den og eg kjem nok aldri til sjå den.
Kvifor skal eg ikkje sjå den? Førehandsdømming løner seg nesten aldri, men eg trur eg har sett omtrent den same filmen fleire gonger før, og eg tykte ikkje om dei. Men det er sikkert ein knallfilm for alle som liker oversentimentalt drama. :)